top of page
Studenter i klasserom

Yrkes- og utdanningsmesa 2022

Yrkes- og Utdanningsmessa
28. september

Kva skal du bli? Kva utdanning har du lyst å ta?

Kva for nokre moglegheiter for utdanning og arbeid har du i Ullensvang?

Alt dette og meir kan du finne ut på Yrkes- og Utdanningsmessa.

Tida på ungdomskulen og vidaregåande er ein viktig fase kor ein må stilla seg spørsmål om framtid og utdanningsval. På Yrkes- og Utdanningsmessa kan du får svar på kva moglegheiter ein har innanfor ulike utdanningsløp og arbeidsplassar i Ullensvang.

Kor skjer det?

Odda Vidaregåande skule - Eidesmoen 74, 5750 ODDA

Kva skjer?

Yrkes- og Utdanningsmessa er ein viktig møteplass mellom ungdom og lokalt næringsliv. Bedrifter frå heile Ullensvang kjem til Odda Vidaregåande skule for å visa fram si bedrift/skule og svara på spørsmål om alt frå karrieremoglegheiter til det mest spennande dei held på med i bedrifta si. På Yrkes- og Utdanningsmessa har du ei unik moglegheit for å bli kjend med eit varierte næringslivet og sjå dei spennande moglegheitene som finnast i Ullensvang. Utdanningsinstituasjonar og vidaragåande skular frå regionen vil være tilstades og visa fram dei ulike utdanningstilboda og programfagretningane dei har.  

Bli kjend med bransjane

På Yrkes- og Utdanningsmessa ynskjer vi å visa deg bredden i vårt lokale næringsliv. Vi har samla utstillarane i fleire ulike bransjane og håpar at dette vil gjøra det enklare for deg når du skal undersøkja kva for nokre fagretningar som ligg innanfor dei ulike bransjane. For her er moglegheitene mange!

logo kiu.png
bottom of page